Av Lars Emil Berge, styreleiar i Småkraftforeninga

Hovudårsaka til dei høge prisane ligg hjå Putin og krigføringa i Ukraina. Då Putin strupa gassleveransane til Europa, fauk gassprisane til himmels. I tillegg har me hatt lite nedbør i sørlege område i landet i 2021 og deler av 2022. Dette har ført til rekordlåge vassmagasin. Kraftprodusentane sørpå tener godt, men positivt er det ikkje. Skadeverknadene for forbrukarar og næringsdrivande er for stor.

Lenger nord er det våtår samstundes som at Statnett ikkje har bygd nok overføringskapasitet med Sør-Norge. Når svenskane ikkje lenger kan føre straumen vår sørover går det galt, og me får skadeleg låge prisar i nord. Nordom flaskehalsane ligg det over 300 uavhengige småkraftverk eigd og drifta av over 1000 grunneigarar. Mange av desse går mot konkurs eller sal av kraftverket sitt no.

Energi renn rett på havet

Medan ein på ramme alvor diskuterer straumrasjonering sørpå stenger småkraftprodusentar i nord ned fordi kostnadane med å drive er større enn inntektene. Me ser også fulle vassmagasin, der potensiell energi renn rett på havet utan først å gå gjennom turbin.

På lengre sikt kan det bli mangel på straum i desse områda, sidan elektrifiseringa vil eta opp kraftoverskotet. Då er det ikkje særleg lurt, verken for forbrukarar eller næringsdrivande, med låg overføringskapasitet mot andre delar av landet. Det er for seint å byggja overføringsnett når krisa er der.

Det viktigaste me kan gjera er å få fart på fornybarutbygginga. Småkrafta har eit potensial på 17 TWh. Om berre halvparten vert bygd er dette eit solid tilskot. Får me konsesjonar og nett har me kapital og ressursar for å levera. Småkraft er som regel lite konfliktfylt og glir godt inn i nærmiljøa. Ein må sjølvsagt også legge til rette for andre produksjonsformer av fornybar kraft.

Det er også viktigare enn nokon gong at Statnett snur alle steinar for å senda fleire elektronar sørover. No må ein ta heile Energi-Noreg i bruk. Flaskehalsane i kraftnettet er for store, og må reduserast.

Gjeld å få bygd ut nok fornybar

Meir kraftproduksjon og fleire overføringslinjer er det som skal til. Men me treng ei handlekraftig regjering for å få fart på utviklinga. NVE må få ressursar til å handsama alle konsesjonssøknadar som kjem inn på nytt nett og ny kraftproduksjon. Det siste me treng er ei opphoping av søknader i NVE.

Kraftmarknaden er komplisert, men har fungert godt. Den er ikkje optimal, men det finst ikkje noko betre alternativ. Me ønskjer oss ikkje tilbake til tidene før energilova der kommunepolitikarane bestemte over kraftprisane. Det er sjølvsagt ikkje lett å sjå inn i den store kula og føresjå at Russland skulle kutte sine gassleveransar.

No gjeld det å få bygd ut nok fornybar som kan erstatta gassen. Då kan me ikkje ha det slik at småkraftprodusentar stengjer ned, eller at Åskåra kraftstasjon i Bremanger slepp vatn over dammen for det lønar seg ikkje å produsera straum.

Kraftprodusentane sørpå tener godt, men positivt er det ikkje. Skadeverknadene for forbrukarar og næringsdrivande er for stor