Kronikk av Leif Lia

Professor ved Institutt for bygg- og miljøteknikk, NTNU

Grunnrente er eit nyttig instrument for fordeling av verdiar som naturen har gjeve oss i rikt monn her oppe i nord. Dersom skatten justerast rett, vil den ikkje lenger hindre samfunnsmessige lønsame investeringar, slik som grunnrenta gjer i dag.

Grunnrente for vasskraft er kompliserte saker. Så komplisert at Kraftskatteutvalget i 2019 med alle sine ekspertar heller ikkje klarte å løyse utfordringa med at skatten i dag hindrar realisering av samfunnsmessig lønsame investeringar.

Til slutt måtte regjeringa i beste sendetid på fjernsynet forkynne at sluttrapporten no var på veg i bosset. Truleg det beste for ein rapport som på den korte tida den var ute, hadde klart å terge på seg alle, utanom Finansdepartementet.

Kan ikkje snuskas vekk

Kan verkeleg grunnrenteskatt vere så komplisert? Nei, ikkje dersom den forklarast rett og avklarast prinsipielt før taltriksinga begynner.

Høyr her:

Grunnrenteskatt er eit resultat av at kloke, uredde og handlekraftige politikarar laga ein mekanisme som sikrar fellesskapet sin del av verdiane ifrå frie naturressursar som vasskraft og olje. Grunnrenteskatten slår i dag inn på 10 MW (eigentleg 10 MVA) og er tilpassa nedbetalte kraftverk og gjer at inntektene frå eit nedbetalt kraftverk fordeler seg slik grove tal:

  • Staten: 60 prosent
  • Eigaren/kraftselskapet: 30 prosent
  • Lokalsamfunn og lokale interesser: 10 prosent.

Det er ei fordeling det er stor politisk semje om, og når me hugsar på at kraftselskapa som eig dei store kraftverka i Noreg er 90 prosent offentleg eigde, blir nesten alle verdiane att i samfunnet. I tillegg har måten grunnrenteskatten blir rekna ut på, sikra to andre svært viktige forhold:

  • Inntekta til eit kraftverk før skatt reknast frå marknadsprisen på straum gjennom året, slik at det er uinteressant for eit kraftselskap å opprette eit stråselskap som kjøper straumen billig og sel den vidare dyrt, for dermed å snuske vekk skatten frå der «varene» vert produsert. I media har me rikeleg tilgang på informasjon om korleis slikt gjerast i andre industribransjar som ikkje har krav til grunnrenteskatt eller nasjonalt eigarskap.
  • Renta som kjem til frådrag i rekneskapen før skatt setjast av Finansdepartementet, slik at eit kraftselskap ikkje kan ha ein långivar i eit anna land eller ein annan bransje som yter lån med kunstig høg rente. Elles kan overskottet tuskast bort. Du treng ikkje følgje med så veldig for å sjå i kva slag bransjar dette brukast flittig. Har firmaet adresse i til dømes Irland, Zug i Sveits, Isle of Man, Luxembourg eller Cayman Islands, burde bjøllene ringe både her og der.

Hindrar unnaluring

Igjen, det geniale politiske handverket bak grunnrenteskatten hindrar slik unnaluring av fellesskapet sine verdiar. Men her kjem også litt av utfordringa.

Ordninga er tilpassa nedbetalte kraftverk, og det kunstig låge rentefrådraget som staten gjev for lånefinansierte prosjekt, fører til at kraftverket må skatte av eit kunstig overskott som er større enn det reelle.

Alle nye kraftutbyggingar har reelle finanskostnadar større enn den om lag eine prosenten staten gjev i frådrag. Samfunnsmessige lønsame prosjekt får derfor negativ kontantstraum og vert bedriftsøkonomisk ulønsame for utbyggaren. Prosjektet vert sjølvsagt ikkje gjennomført.

For å løyse utfordringane med grunnrenteskatten, trengst det derfor to enkle prinsipielle endringar, som heller ikkje kostar stort:

  • Nye utbyggingar får fritak for grunnrenteskatt i til dømes 15 år, då er rentekostnaden såpass redusert at prosjektet genererer eit reelt overskott som kan skattleggast. Eventuelt kan det lagast ein opptrappingsplan frå til dømes 10 år etter oppstart av kraftverket.
  • Dagens innslagspunkt for grunnrenteskatt på 10 MW gjerast om til eit botnfrådrag som vil sørgje for at mellomstore kraftverk som i dag byggast med komiske 9,9 MW vil få ein optimalisert og samfunnsoptimal installasjon. Eventuelt som kompensasjon kan startverdien senkast ifrå 10 MW og noko nedover. Dei minste prosjekta bør uansett gå fri for å spare oss for byråkrati. Sidan det er snakk om eit botnfrådrag, har småkrafta uansett ikkje så mykje å frykte.

Dagens system med «innslagspunkt» er faktisk så dust at Lyse Energi no finn det lønsamt å bygge to kraftverk på 9,9 MW når dei skal fornye gamle Maudal kraftverk i Rogaland.

Ja, det er sant!

– Grunnrenteskatt bør gjelde all produksjon

Med dei nemnde justeringane løysast proppen opp og mange fleire gode prosjekt kan bli lønsame for utbyggar. Spesielt gjeld dette opprustings- og utvidingsprosjekt som rammast ekstra hardt av grunnrenteskatten i dag, trass i mindre miljøkonsekvensar enn med nybygging.

Samtidig bør ordninga med grunnrenteskatt inkludere all elektrisitetsproduksjon basert på gratis naturressursar, for å sørgje for at dei mest samfunnsmessige lønsame prosjekta byggast først. Eg kan i farten ikkje kome på eitt einaste argument mot at skattereglane skal vere heilt teknologinøytrale. Då vil dei også gjelde energikjelder som det skrytast av at er billigare å bygge ut enn stor og regulerbar vasskraft.

Skal det differensierast på noko, bør det etter mi meinig ikkje vere teknologi, men grad av miljøkonsekvensar. Noreg manglar eit verktøy her, sidan miljøøydeleggingar til no har vore «gratis».

Slik det dessverre er i Noreg i dag, er det berre den kraftproduksjonen som har krav til norsk eigarskap som eksponerast for grunnrenteskatt, medan utanlandskeigd produksjon i hovudsak går fri.

Så dumme treng me vel ikkje vere her i Noreg fordi om me er rike?

Leif Lia, professor NTNU