Navn: Arvid Samland
Stilling: Kommunikasjonssjef
Arbeidsgiver: Olje- og energidepartementet

– Dere har jo en brennbar sak som skal opp i år – med Fosen-saken. Hva slags medietrykk venter du i den saken?
– Eg starta i denne jobben to dagar etter at dommen frå Høgsterett kom i oktober, og det har vore stort medietrykk på den saka heile tida. I november var eg på Fosen i lag med olje- og energiministeren, og det var mitt første besøk til eit vindkraftanlegg. Det var nyttig og lærerikt å sjå områda og møta både reindriftssamane og utbyggjarane. Dette er ei komplisert sak, og eg forventar stort medietrykk også framover.

– Synes du energibransjen får den oppmerksomheten den fortjener?
– Oi, vanskelig spørsmål. Eg skal i alle fall gjera mitt for å bidra til at bransjen blir synlig, og for å synleggjera nye energiløysingar som kan bli viktige for oss i åra framover. Og etter drøye tre månader i Olje- og energidepartementet opplever eg i alle fall at det er veldig stor interesse for saker på energifeltet, ikkje minst på grunn av dei uvanleg høge straumprisane.

– Hvordan tror du verden får dekket sine energibehov i fremtiden?
– Eg trur energimiksen vil sjå ganske annleis ut i 2050 enn den gjer i dag. Verda treng store mengder ny energi, og av hensyn til klima og berekraft bør den energien vera fornybar. Så eg er spent på kor fort me globalt klarar å gå bort frå fossil energi. Og eg er spent på om det blir utvikla nye, fornybare energiformer som blir store nok til å bli eit reelt alternativ til olje og gass.

– Hva tenker du om elektrifiseringen av Norge?
– Samfunnet blir meir og meir elektrifisert, og det syns eg er bra. Me skal over til meir fornybar energi og me skal kutta klimagassutslepp. I stort handlar jo dette om at me må klara å skaffa nok elektrisk kraft og at me må få elektrisiteten fram til der forbruket skjer. Og så står me jo midt i ein situasjon med rekordhøge straumprisar, noko som åpenbart påvirkar folks syn på elektrifiseringa av samfunnet – og kanskje spesielt elektrifiseringa av sokkelen. Utsleppa frå sokkelen skal ned og dette er eit dilemma som politikarane kjem til å måtta jobba masse med framover.

– Tror du vi får vi lavere eller høyere strømpriser i årene som kommer?
– Det er jo ikkje uvanlig at prisane går opp og ned, men det er uvanlig, er at me har så høge prisar som me har hatt i vinter. Det er mange faktorar som påvirkar utviklinga framover, og eg trur det er best å la ekspertane uttala seg om framtidsutsiktene.

– Og hvor opptatt er du selv av å spare strøm? Har du noen strømspare-tips du kan dele?
– No på vinteren er eg nok over gjennomsnittet glad i å gå rundt i stillongs og i mammas heimestrikka sokkar når eg er heime, så oppvarmingsbehovet er moderat. I tillegg har me vedfyring. Men klesvask og matlaging foregår i stor grad når straumen er dyrast, rett og slett fordi me set på vaskemaskina og lagar middag omtrent samtidig med at alle andre gjer det.

– Hvor står du når det gjelder vindkraft?
– Debatten om vindkraft på land er jo til dels ganske heftig, og det forstår eg godt. Men som kommunikasjonssjef i Olje- og energidepartementet har eg ikkje planar om å meina så masse om det. Vindkraft til havs er jo det alle snakkar om no, både her heime og i andre land, og det er spennande å følgja med på utviklinga der.

– Skal du ha solpanel på taket ditt?
– Godt spørsmål. Eg bur i ein bygård som er over 100 år gammal, og eg skal sjekka med styret om det er eit alternativ.

– Hva har du å si til de som mener det er tull å satse på solenergi her oppe i nord hvor det er så mørkt og kaldt?
– Den første veka i jobben var eg på besøk til IFE på Kjeller, og der lærte eg faktisk at solenergi her i landet faktisk ikkje er så dumt. Me har nok sol til at det fungerer. Og me har nok regn til at solcellepanel får jevnlig vask, slik at me unngår problematikken med at panela blir møkkete og mindre effektive.

– Hva gjør du for å bidra til at Norge skal nå klimamålene?
– Eg er opptatt av gjenbruk, og eg har ei særleg interesse for bruktbutikkar og Finn.no. Mannen min kan til tider bli litt frustrert over det, og han meiner nok oftare enn meg at eg har gjort eit bruktbomkjøp. Eg prøver å kasta mindre mat, og har etter kvart blitt litt flinkare til å planleggja middag med utgangspunkt i det me faktisk har liggjande i kjøleskåpet. Og så har me ikkje bil.

– Bør vi lete etter mer olje og gass?
– Eg svarer diplomatisk at det er opp til politikarane å bestemma dette, men dette er jo eit tema som garantert vil bli hyppig diskutert framover.

– Hva tenker du om karbonfangst og -lagring?
– Karbonfangst og -lagring kan bety masse for om klimamåla blir nådd, og det blir interessant å sjå korleis det går med Langskip-prosjektet framover. Det har jo vore ein del skepsis til prosjektet, blant anna i Tyskland, og det blir spennande å følgja med på korleis det utviklar seg.

– Hva vil du anbefale andre å lese, se på eller høre på for å lære mer om klima og energi?
– I det siste har eg høyrt på ein del episodar av Energi Norges podkast Fornybaren. Men sidan eg er heilt fersk i denne jobben, har eg mest lyst til å snu på spørsmålet: kva anbefaler Europowers lesarar at eg bør lesa, sjå eller høyra på for å læra meir om klima og energi? Her tar eg veldig gjerne imot gode tips til arvid.samland@oed.dep.no.