Navn: Erlend Bårgård
Stilling: Konserndirektør Produksjon
Arbeidsgiver: Sognekraft

– Denne våren har det vært uenighet mellom Sognekraft og lokalbefolkningen i Veitastrond – hvordan har det vært å stå i den saken?
– Det er veldig forståeleg at det er ein vanskeleg situasjon for dei som opplever flaum og får hus og andre verdiar skada. Vidare er det naturleg nok ikkje ein ynskjeleg situasjon for Sognekraft å bli meld til politiet. På den andre sida har dette ført til at NVE har gjort ei grundig gjennomgang av klagene på manøvreringa av Veitastrondsvatnet, der tilsynet ikkje hadde merknadar til Sognekraft. Me planlegg no å få til eit folkemøte på Veitastrond, saman med NVE og Luster kommune, med mål om å få til ein betre dialog med lokalbefolkninga framover.

– Det har jo vært noen ekstreme måneder vi har lagt bak oss med tanke på kraft og strøm. Hvordan har det vært for dere i Sognekraft denne tiden?
– Sognekraft har både produksjon i NO3 og NO5, der hovudtyngda ligg i NO5. Som mange andre skulle me også ynskja oss ei betre harmonisering av prisane mellom desse prisområda. Då Sognekraft har investert mykje i utbygging av ny vasskraft i NO5 dei seinare åra, er me likevel nøgd med at desse investeringane er med å bidra med viktig produksjon av sårt tiltrengt fornybar energi.

– Hvordan tror du verden får dekket sine energibehov i fremtiden? Vil energimiksen være annerledes enn i dag?
– Eg trur det vil verta ein mykje større andel som får dekka sine behov frå fornybare kjelder som vatn, sol og vind. Nokon land trur eg også kjem til å satse på kjernekraft.

– Hva tenker du om elektrifiseringen av Norge?
– Alle må vera med å redusera utslepp, også Noreg. Elektrifiseringa vil medføre større forbruk og også krevje meir fornybar produksjon av ulike typar. Samstundes må me energieffektivisera og utnytte lokal energi som til dømes fjordenergi/bergvarme. Eg håpar Noreg klarar å utnytta denne moglegheita til å få utvikla fleire av dei ressursane landet vårt har på ein god og berekraftig måte, samt skape nye og framtidsretta arbeidsplassar.

– Tror du vi får vi lavere eller høyere strømpriser i årene som kommer?
– Slik situasjonen er no ser det ut som me vil få ein høgare straumpris i Sør-Noreg og delar av Vestlandet framover ei god stund. På lang sikt trur og håpar eg at me vil sjå ein straumpris som vil reflektera kostnaden med å få etablert ny fornybar produksjon, slik at selskap som Sognekraft framleis kan investera i ny fornybar energi for fellesskapet, samstundes som me skapar lokale verdiar og arbeidsplassar.

– Og hvor opptatt er du selv av å spare strøm?
– Eg er veldig interessert i teknologi og prøver å halda meg oppdatert innan moglegheit for sparing av straum i heimen. Fram til no har eg nok fokusert meir på å flytte forbruket innan døgeret enn å spare energi. Dette skal eg skjerpe meg på framover.

– Hvordan skal energibransjen klare å speile befolkningen bedre?
– Her bør bransjen og utdanningsinstitusjonane dra lasset saman. Bransjen kan bli flinkare til å vise seg fram på dei ulike studiestadane og dei enkelte selskapa må jobba for å nå breitt med sine annonser.

– Hvor står du når det gjelder vindkraft?
– Eg håpar Noreg klarar å få til ei satsing på havvind som kjem fellesskapet til gode, både med tanke på energiproduksjonen, men også for å skapa nye framtidsretta arbeidsplassar. Vidare meiner eg også at vindkraft på land har ein plass i den vidare elektrifiseringa av samfunnet.

– Skal du ha solpanel på taket ditt?
– Som teknologiinteressert har eg vore inne på tanken, men per no har eg ikkje nokon konkrete planar om å få det installert.

– Bør vi lete etter mer olje og gass?
– Eg håpar verkeleg me klarar å løyse det meste av energibehovet frå fornybare kjelder. Europa har gjennom sin støtte til Ukraina fått mindre tilgang på energi. I solidaritet med Europa meiner eg det er riktig at Noreg delar på dei ressursane me har i energikrisa, då både frå fornybare og fossile energikjelder.

– Hva ville du gjort hvis du fikk være olje- og energiminister for en dag?
– Eg er positivt overraska etter ministarskifte og trur ikkje eg hadde gjort ein betre jobb enn dagens ministar. Det vert no sett fokus og fart på viktige områder, som at Statnett umiddelbart må ta tak i manglande kapasitet mellom landsdelane. I tillegg synst eg det er heilt riktig av ministaren fortelje folket bodskapet om «energiens dilemma»; alle vil ha tilgang på rimeleg kraft, men «ingen» vil ha kraftutbygging. Eg meiner me er heilt avhengig av å få bygd ut ny fornybar kraft og kraftlinjer dersom me skal kunne halda fram å ha tilgang på rimeleg fornybar energi også i framtida.