Elektrifisering av sokkelen kan frigjere ny gass til EU. Elektrifisering av den norske sokkelen kan auke gasseksporten til EU med 2,5 prosent årleg, viser tal frå bransjeorganisasjonen Offshore Norge. Berekningar viser at ein ved å erstatte gassdrivne turbinar på plattformene med kraft frå land, kan frigjere store mengder gass som kan eksporterast til EU, skriv Klassekampen. Dersom overslaget stemmer, betyr det at Noreg kan auke gasseksporten til Europa med mellom 28 og 31 terawatt-timar (TWh) kraft årleg i 2030, har Klassekampen rekna seg fram til basert på Oljedirektoratets prognosar for gasseksport i 2030.