Kraftproduksjonen var den lågaste for veke 28 på over ti år, melder NVE.

«At kraftprisane følgjer prisnivået til nabolanda, er eit uttrykk for at fleire vasskraftprodusentar sparar på vatnet og verdset det høgt. Når vatnet blir verdsett høgt, blir kraftproduksjon generelt lågare gjennom veka. Dermed blir det også mindre eksport. Kraftprisane vil då i større grad bli påverka av kraftprisane i nabolanda våre», skriv direktoratet i ei melding på eigen nettstad.

30 prosent høgare prisar

Straumprisen auka med 30 prosent i den sørlegaste delen av Norge (NO2) sist veke.