Tidlegare i år ga generalforsamlinga i SFE fullmakt til styret om å betale ut eit utbytte på 75 millionar kroner etter resultatet i 2021, som ga eit underskot etter skatt på 65 millionar kroner.

I ei melding tirsdag morgon skriv selskapet at styret har bestemt seg for ikkje å nytte denne fullmakta. I staden vert det ikkje noko utbytte til eigarane.

Selskapsdatabasen til Europower syner at SFE i snitt har betalt ut litt over 80 millionar kroner i utbytte dei siste åra.