Dette er et debattinnlegg som står for artikkelforfatterens synspunkter.

Av: Lars Emil Berge, styreleiar i Småkraftforeninga

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) spelar ei avgjerande rolla i å leggja til rette for rask utbygging av fornybar energi. Ved å effektivisera konsesjonsprosessen kan NVE få fart på utbygginga av småkraftverk, som er ein viktig brikke for at Noreg skal kunne møte sitt aukande energibehov.

Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen har peika på eit viktig aspekt i denne samanhengen: «Me har fokusert for mykje på kva mål me bør setje, og for lite på kva tiltak me bør setje i verk for å nå desse måla». Her meiner eg klimaministeren vår er «spot on» i diskusjonen om utbygging av fornybar energi, der det hastar med å omsetja ambisiøse mål til konkret handling. Då vert det snodig at hans eiga regjering er ansvarleg for kanskje den største flaskehalsen av dei alle: NVE.

I ljos av den aukande etterspurnaden etter energi, står Noreg framfor ei stor utfordring. Småkraft er den lettast tilgjengelege frukta i overgangen til fornybar energi; den er ikkje den grøne, umodne karten hengande utilgjengeleg høgt oppe i treet. Tvert imot, småkraftverk kan raskt bidra i dei første åra med å koma med ny energi i alle krokar av landet. Me kan ikkje løyse problema aleine, men me kan gje eit stort bidrag.

Energikommisjonen etterlyser raskare handling. Småkraftnæringa kan koma dei i møte, men er avhengig av eit velvillig og raskt handlande NVE. For å få fart på småkraftpotensialet, krev det difor at Noregs vassdrags- og energidirektorat bryt ned barrierane i byråkratiet ved å effektivisera sine sakshandsamingsprosessar.

Auka etterspurnad krev raske svar!

Me dansar på ei line mellom paradoks: På den eine sida har me ein enorm etterspurnad etter rein og berekraftig energi for å møte både nasjonale og internasjonale klimamål. På den andre sida går det alt for seint med småkraftutbyggingar og anna fornybar energi. Vår næring har til dømes minimalt fotavtrykk samanlikna med dei større magasinverka. I lys av naturkrisa skriv Forte Vannkraft at me berre treng 1 km² av natur for å få 1 TWh med småkraft. Småkraftverk kan vera med å snu spelbrettet i det grøne skiftet, men berre om me ryddar vekk snublesteinane i konsesjonsløypa.

NVE må ta opp hansken frå Energikommisjonen si klare oppmoding til raskare handling. For at Noreg skal kunne nytta småkrafta sitt fulle potensial, må NVE handsame søknadane våre. Per no er vegen til konsesjon meir som ein endelaus vandring gjennom ein mørkt, tett skog. Dette står i skrikande kontrast til den hurtigheita og smidigheita som dagens energiutfordringar krev.

Fram til 2019 såg me eit meir offensivt NVE som fekk sakene unna. Etter den tid har ting gått i stå på fleire område. Stortinget har fleire gonger gitt meir pengar til NVE, men utan særlege resultat. I staden ser me eit meir innadvent direktorat som held på med omorganiseringar og innfører nye, byråkratiske rutinar. Mange av dei meste erfarne, både blant leiarar og sakshandsamarar har slutta, sentralbordet har reduserte opningstider og telefonlista for tilsette er borte frå nettsidene.

Det brenn under føtene våre!

Det er altså på høg tid at NVE finn ein balansert måte å takla nye konsesjonar på, slik at me kan setja fart på utbygginga av fornybar energi. Denne omveltinga er ikkje berre kritisk for småkrafta og andre utbyggjarar, men den er og avgjerande for å halda Noreg si fane høgt som ein leiande industrinasjon i det grøne skiftet. Me står ved eit vendepunkt der tida renn ut, og handling må trumfa langtekkeleg byråkratisk grubleri.

Handling må til om me skal unngå å bli ståande i støvet som ein gløymd industrinasjon. Noreg må slå til no! Det krevst ein stor innsats frå myndigheiter for at småkraftpotensialet og andre fornybare energiformer skal bli raskt realisert. Dette til glede for både industri og folket. Ved å få raskare sakshandsamingsprosessar, kan me sikre ei framtid der Noreg ikkje berre møter sine klimamål, men også får tatt i bruk lett tilgjengeleg fornybar energi som til dømes vår næring representerer.

Så, Andreas Bjelland Eriksen, kanskje du skal kviskre din kollega, energiminister Terje Aasland, eit par ord i øyra om å gå frå ambisjon til aksjon? Første steg er å fjerna flaskehalsane i offentleg sakshandsaming.

Dette debattinnlegget er først publisert i Europower magasin nr 02 2024.