Dette er eit debattinnlegg som står for forfattaren si rekning.

Småkraftforeninga har tidlegare fremma vår meining om at Lund ikkje er heilt på linje med eit stort fleirtal på Stortinget som ønskjer meir småkraft inn i kraftsystemet. Energi- og miljøkomiteen har i ein merknad til energimeldinga skrive dette: «Stortinget ber Regjeringen vurdere tiltak for å få fortgang i konsesjonsbehandlingen av småkraftverk». Bak denne merknaden står partia Ap, Sp, KrF, FrP og Høgre.

Morgonen etter at innstillinga kom ut, sende Lund ut ei pressemelding der han prioriterer ned småkraft til fordel for ny storkraft og vilkårsrevisjonar av eldre vassdragsreguleringar.

Lund viser til at dette skal skaffa meir ny vasskraft: «Grovt anslått er det i størrelsesorden snakk om i overkant av 2000 MW ny installert effekt, og potensielle produksjonsøkninger på 1- 2 TWh.», skriv han. Men om me tek med vilkårsrevisjonane, vert bildet eit anna. Då får me i sum mindre vasskraft og ikkje meir fordi litt av vatnet som hittil har blitt nytta til kraftproduksjon, no skal sleppast direkte til elva som ei minstevassføring for å betra dei økologiske tilhøva. Om ein skal ta NVE sine tal, snakkar me her om mellom 2,3-3,6 TWh i tap av kraft i desse vilkårsrevisjonane.

1-2 TWh i minus

Nettobidraget frå NVE si prioriterte sakshandsaming fram mot 2030 vert då i beste fall berre litt negativ, men mest sannsynleg blir det mellom 1 TWh og 2 TWh i minus, som svarar til straumforbruket til ein by mellom 50.000 og 100.000 innbyggjarar. Dette er svært mykje kraft å ta ut av ein allereie pressa kraftmarknad, samtidig som det sjølvsagt er viktig med tiltak for å betre situasjonen i tørrlagde elver. Det er ikkje noko feil med å prioritere også dette, men det vert heller ikkje fleire kilowatt-timar ut av det.

I eit svar til meg i fleire aviser skriv Lund: «NVE kommer fortsatt til å behandle konsesjonssaker om småkraft-, mini- og mikrokraftverk. Slike saker har vi prioritert høyt gjennom mange år. De siste 10 årene er det behandlet mer enn 800 konsesjoner for småkraft. Av de 469 sakene som fikk konsesjon, er 275 fremdeles ubrukt.» Her er Lund noko upresis. Dei siste åra har NVE knapt handsama småkraftsaker. Dei ytterst få som er handsama er i tillegg stort sett avslått.

Treng nye konsesjonar no

Dei unytta konsesjonane blir bygd no, og det veit NVE sidan dei skal godkjenne alle planane. Det er for tida rundt 40 småkraftverk under bygging. Dette tempoet kan vi halda nokre år til. For å halda fram i same tempo treng me nye konsesjonar no, sidan tida frå søknad til ferdig kraftverk er fleire år.

Utfordringa er NVE sin på det nærmaste handsamings- og konsesjonsstopp som gjer at bransjen i liten grad søkjer. Det er synd, fordi det er i småkrafta det store potensialet for ny vasskraft fram mot 2030 ligg. Stortingsfleirtalet har sett dette, og nemner spesielt potensialet til småkrafta på 17 TWh i sin merknad til Energimeldinga. Stortinget fokuserer altså breiare enn Kjetil Lund.

Høgare forbruk

Vindkraftutbygginga vil neppe skyta fart før etter 2030. Samtidig veit me at med planlagde forbruksaukingar treng enorme 30 TWh med ny kraft. I dei næraste åra er det vasskrafta som kan levera, og i volum er det småkrafta som er størst.

Oppgåva til Kjetil Lund er da å få NVE til å handsama flest mogleg konsesjonssaker, både småkraft og større vasskraft. Verre er det ikkje, men då må han gi marsjordren.

Av Lars Emil Berge, styreleiar i Småkraftforeninga