Navn: Birgit Oline Kjerstad
Stilling: Stortingsrepresentant fra Møre og Romsdal
Arbeidsgiver: Sosialistisk Venstreparti (SV) / Stortinget

– Du har jo tatt til orde for å ikke åpne vernede vassdrag for utbygging. Er vern av natur viktigere enn at folk får lavere strømregninger?
– Det er feil problemstilling. For det første er det ikkje mangel på kraft i Norge som har gitt så høge prisar, men at vi har gått med på å prise krafta i eit system styrt av gassprisen og EU-reglar. For det andre så er det i lite å hente på å bygge ut verna vassdrag. For det tredje så har vi store energimengder å frigi ved enøk-tiltak og bedre utnytting og prioritering av den energien vi har, og det må gjerast først. Hvis veksten krev enno meir, er det kanskje forbruket og veksten vi må gjere noko med.

– Hvordan har det første halve året i energi- og miljøkomiteen vært?
– Det første halvåret har vore svært interessant og hektisk.

– Hvilke energisaker fra ditt hjemfylke Møre og Romsdal er du mest opptatt av?
– At ikkje det skal utlysast meir olje- og gassleiting inn i dei særlege verdifulle områda på Mørebankane og langs Eggakanten. Elles er det viktig å vedlikehalde nettet og utløyse enøktiltak i bygningsmassen for å spare naturen for store kraftutbyggingar.

– Det har jo vært ekstreme mengder med medieomtale av strøm og energi i vinter. Har det vært litt i meste laget?
– Energipolitikk er viktig, og eg trur det er veldig sunt at dette vert grundig debattert i heile samfunnet.

– Tror du vi får vi lavere eller høyere strømpriser i årene som kommer?
– Eg er redd for at dei blir høge, men det spør kva politikk som blir ført. Eg har lite tru på å produsere oss ut av straumpriskrisa. Når vi er kobla til den store europeiske marknaden blir det som å prøve å fylle eit badekar med toppa ute. Eg trur vi må endre marknadssystemet for å få kontroll på prisen.

– Hvordan tror du verden får dekket sine energibehov i fremtiden? Vil energimiksen være annerledes enn i dag?
– I framtida trur eg mange fleire vil blir prosumenter. Det er svært spanande muligheiter i å produsere mykje meir energi i eksisterande bygg og gjere oss mindre avhengige av å hente all energien frå store kraftprodusenter. Enøkpotenisalet er stort i heile Europa.

– Hva tenker du om elektrifiseringen av Norge?
– Elektrifisering er bra, men skal vi greie det - og samtidig ta vare på natur, må vi ta andre grep i tillegg. Rimelig energi har gitt oss eit ikkje-berekraftig samfunn med bruk og kast og alt for mykje transport. Vi må planlegge samfunnet for mindre forbruk og ha eit kritisk blikk på vekst. Så trur eg ikkje vi kjem utanom kjernekraft til å dekke behovet i Europa.

– Og hvor opptatt er du selv av å spare strøm?
– Eg har kjøpt meg elsykkel og etterisolert huset frå 1863. Sparedusj har eg hatt sidan 2006. Elles liker eg ikkje å ha det veldig varmt inne. Går heller i litt ull.

– Hvor står du når det gjelder vindkraft?
– Det kjem an på størrelsen og plasseringa. Mindre anlegg for lokalt forbruk er noko anna enn svære anlegg som «eig» landskapet og er plassert på ein måte som industrialiserer nærnaturen. Eg er sterkt kritisk til den satsinga som har vore med salg av rettane til fond og postboksselskap utan ansatte. Det er eit dårleg klimatiltak å bygge vindkraft i norsk natur. Eg er uroleg for dei enorme søppelmengdene det kjem til å bli av kasserte vingeblad og turbinar, og på mineralforbruket dei energianlegga genererer.

– Skal du ha solpanel på taket ditt?
– Eg har ikkje konkrete planer, men det skjer mykje spanande på det området. I første omgang er det nok mest aktuelt med ei luft-til-luft varmepumpe. Vi har mange tak som egnar seg på garden, men det er ei stor investering, så det må betre finansieringsordningar til om det skal bli aktuelt.

– Hva gjør du for å bidra til at Norge skal nå klimamålene?
– Eg går og sykler og kjemper for meir kollektivtransport og tog.

– Bør vi lete etter mer olje og gass?
– Eg meiner vi bør stanse leitinga, fordi klimaet ikkje toler at vi tek opp meir olje. Og fordi leitinga går inn i særleg verdifulle og sårbare områder til havs.

– Hva tenker du om karbonfangst og -lagring?
– Eg trur vi skal teste ut teknologien og gjennomføre Northern Light satsinga. Men kostnadane med dette må heile tida vegast opp mot andre klimatiltak. Co2 fangst vil berre fungere på store utsleppspunkt.

– Hva vil du anbefale andre å lese, se på eller høre på for å lære mer om klima og energi?
– «Verden på vippepunktet» av Dag O. Hessen synest eg er fin, fordi den også har fokus på biologisk mangfald. Eg er like oppteken av naturkrisa som klimakrisa.