Sunnhordland kraftlag (SKL) la fram halvtårsresultatet onsdag. Selskapet har anlegga i prisområde NO2, som har hatt dei høgaste straumprisane i Norge i år.

Det kan me sjå igjen i rekneskapen. I første halvår i fjor hadde SKL inntekter på 629 millionar kroner. I år er omsetninga meir enn tre gonger høgare: like over 2 milliardar kroner.

Margin på 84 prosent

Kostnadane har auka med 26 prosent i same periode. Auken skuldast ein kombinasjon av fleire kraftstasjonar i drift, auka forsikringskostnadar, energikostnadar og generell kostnadsauke, skriv selskapet sjølv.