Strategien i selskapet er at 60 prosent av overskotet etter skatt går til utbytte. Men for 2022 vert overskotet så høgt, at eigarane vil ta ut 80 prosent. Det melder SKL via Oslo Børs måndag ettermiddag.

Etter dei første seks månadane i år, hadde SKL eit overskot etter skatt på 748 millionar kroner. Om resultatet vert like bra i andre halvår får selskapet ei forteneste på 1,5 milliardar kroner. Eit utbytte på 80 prosent vil i så fall gje ei overføring på 1,2 milliardar kroner til dei tre eigarane.